Artist - Logg inn

Glemt passord?

Evy Kleveland

 

Om kunstneren

SKJÅPORTRETT FRÅ VARANGER
Det er mange gamle hus, naust og skjåar som står i fare for å forsvinna langs Varangerfjorden. Dei fleste er ikkje i bruk lenger, vert ikkje tatt vare på og vil etter kvart forfalla meir og meir. For mange er skjåane ein del av landskapet; dei har vore her i manns minne, dei vert ikkje spesielt lagt merke til og når dei er borte, er det få som saknar dei. Eg ønskjer å avbilda bygningane i mitt nærområde, og gjera folk merksame på at dei finst.
I løpet av 2015 har eg malt nærmare 40 akvarellar av bygningar i eit område med utstrekning på om lag to mil.

SAUEFAMILIEN
Også i denne utstillinga tar eg utgangspunkt i lokalmiljøet. Temaet for maleria i utstillinga er rett og slett sauer i nærområdet. Først har eg vore ute og teikna skisser, deretter har det vorte små maleri i akvarellteknikk med utgangspunkt i desse skissene. Etter som eg er oppvaksen på ein vestlandsgard, er sauen eit husdyrslag eg kjenner og har vorte glad i. Dette prosjektet er ei jordnær tolking av sauefamilien.

VILLE VEKSTAR

Eit anna prosjekt eg jobbar med, er floraen i nord. I midten av august 2018 opnar eg ei utstilling på Vadsø bibliotek.

 


Kun PDF er akseptert.

CV-KUNST-2017.docx.pdf

File name: CV-KUNST-2017.docx.pdf

File size: 525 KB

Sosiale media Web adresse
1
1

Kontakt informasjon

VADSØ

91362658

Vis CV


 

Kunstverk

  •  
    Skjå ved Storelva
    30,5x45,5 cm akvarell
  •  
    Skjå i Kibysvingen
    30,5x45,5 cm akvarell
  •  
    Skjå i Salttjern 1
    36x51 cm akvarell
  •  
    Raud skjå i Salttjern
    30,5x45,5 cm akvarell
  •  
    Skjå i Golnes 1
    30,5x45,5 cm akvarell
  •  
    Skjå i Golnes 2
    36x51 cm akvarell
  •  
    Smallaug
    15x10 cm akvarell
  •  
    Magreta
    15x10 cm akvarell