Yngvil Birkeland

 

Om kunstneren

Yngvil Birkeland bur og arbeider i Volda på Sunnmøre.

Ho er biletkunstnar og faglærar i kunstfag ved KDA (Kunst, design og arkitektur) ved Volda vidaregåande skule.  

Yngvil arbeider med ei sterk intuitiv tilnærming til bileta sine. Ho startar leikande og utan stor grad av styring, og tek deretter utgangspunkt i det som dukkar opp i dei kaotiske biletflatene som dannar seg. I dei fleste maleria operer ho innanfor det ein vil kalle ein abstrahert figurativ stil.  

Medan ho i perioder har vore tett på mennesket i bileta, er dei seinaste maleria prega av ei søking etter lys, og gjennom det også dualiteten mellom lys og mørke. Hennar ynskje er at bileta  blir allmenngyldige. Dei skal ikkje tolkast utifrå kva ho har meint med dei, men heller  setje igang ein prosess hos sjåaren til å skape sine eigne historier basert på eigne erfaringar, tankar og følelsar.  


Kontaktinformasjon