Ellinor Bergli Bustade-bustad@online.no
Om kunstneren

Fotoapparatet er alltid ein god følgesvenn. Motiva finn eg gjerne i nærmiljøet mitt. Det handlar om møte med dyr og natur, om kjensla av å vere ein del av ein fellesskap, det å ta vare på miljø og historie og ikkje minst om korleis menneska set spor etter seg. Bilda har realisme og sanning i seg, men også element av fantasi, draum og fiksjon. Dei skal opplevast gode å sjå på, men samstundes også inspirere til ettertanke.