Artist - Logg inn

Glemt passord?

Marit Singelstadmakalaust@singelstad.no

 

Om kunstneren

Eg kallar meg historieforteljar.

Som fotograf er eg for det meste autodidakt. Eg har også bakgrunn frå teater, grafisk design, tv- og videoproduksjon. Erfaringa som skodespelar hjelper meg å iscenesetja visjonane mine. Eg arbeider intuitivt og inviterar deg til å opna sansane når du bevegar deg inn i dei draumeliknande landskapa. Historia, som fortset utanfor ramma, kan vera like spanande som det du faktisk ser på veggen.

Dei fire siste åra har eg jobba både med makrofotografering og fraktalkunst. Desse to ulike teknikkane inspirerar kvarandre til å skapa episke univers. Gleda over å skapa meining utav kaos er ei sterk drivkraft hos meg. Makrofotografering og fraktalar har det til felles at dei viser oss den vesle verda i den store. Aller best likar eg å jobba med seriar. Og tittelen er for meg halve bilete. Det er den einaste føringa eg vil gje publikum.

Lyset kjem innafrå. Dette opplever eg spesielt når eg jobbar med fraktalkunst, som er eit eige felt innan digital grafikk. Eg brukar Chaotica – ein sjølvgenererande fraktalprogramvare. Enkelt sagt er ein fraktal ei visuell framstilling av ei kompleks, matematisk likning. Fraktalar finst i naturen – i nordlyset, langs kysten og i bregneforma, til dømes. Det er som å mala med lys. Linjene og historia fortset i det uendelege – utanfor tid og rom. Denne hologramaktige framstillinga av eit bilete skapar igjen uendelege univers.

Bli med på ei reise gjennom lyset.

Marit Singelstad – juryert medlem i NFUK våren 2020.


Kun PDF er akseptert.

Filnavn:

Filstørrelse:

Sosiale media Web adresse
1

Kontakt informasjon

Hardangerfjordvegen 189 - 5600 NORHEIMSUND

944 30 892

makalaust@singelstad.no


 

Kunstverk

  •  
    Nattlys
    Frå serien "Nattlys" - fotografi - 60x90cm - 100 eks. Trykt på aluminiumsplate.
  •  
    Fare
    Frå serien "Nattlys" - fotografi - 90x60cm - 100 eks. Trykt på aluminiumsplate.
  •  
    Flukt
    Frå serien "Havgap" - fraktal/digital grafikk - 50x75cm - 30 eks. Trykt på aluminiumsplate.
  •  
    Speidarane
    Frå serien "Havgap" - fraktal/digital grafikk - 60x90cm - 30 eks. Trykt på aluminiumsplate.
  •  
    Ranglefant
    Frå serien "Bakgård" - fraktal/digital grafikk - 40x60cm - 30 eks. Trykt på aluminiumsplate.
  •  
    Gjensyn
    Frå serien "Bakgård" - fraktal/digital grafikk - 90x60cm - 30 eks. Trykt på aluminiumsplate.